Internasjonalisering

Sykkylven vidaregåande skule er ein pionerskule innan internasjonalisering. Vi var fyrst ute i fylket og har sidan 1994 hatt ei samanhengande historie innan internasjonalt arbeid. Med mange års erfaring i sekken, er dette noko vi KAN! 

Skulen har fått utmerkinga Best Practice i EU-systemet Erasmus+ og har delt sine erfaringar i mange fora, også på nasjonalt plan. 

Kvart år sender vi fleire elevgrupper ut i verda for å jobbe med spanande prosjekt ilag med ungdommar frå andre land. Dei besøker også oss, og dermed får vi knyte venskapsband og skape minner for livet. Ved Sykkylven vidaregåande skule er vi gjestfrie og eventyrlystne, og vi har utvekslingstilbod på alle linjer. I snitt deltar ein tredjedel av elevane våre i det internasjonale programmet ved skulen. Dette er vi stolte av!

Skulen vår er igjen akkreditert for ein 5.års periode fram til 2027. Vi gler oss til nye opplevingar og meir læring for elevar ved alle utdanningstilbod. 

Erasmus logo

 

Studiespesialisering vg1
Utvekslingsprogram med San Fermin Ikastola, Pamplona i Baskerland/Spania

Studiespesialisering vg2
Utvekslingsprogram med Sint-Paulusschool, Waregem i Belgia

Studiespesialisering vg3
Studietur til Krakow i Polen med besøk til Auschwitz

Vg1 Helse- og oppvekstfag, vg2 Helsearbeidarfag, vg2 Barn- og ungdomsarbeidarfag
2-vekers praksisopphald i Pamplona, Baskerland/Spania

Industriteknologi vg2
2-vekers praksisopphald med CNC-kurs  i Pamplona, Baskerland/Spania

Automasjon vg2 og Automatiseringsfaget vg3
2 vekers praksisopphald i San Sebastian og Pamplona, Baskerland/Spania
​​​​

 

Yrkesfag vg2 Industriteknologi
Veke 44 og 45 -22: 10 elevar og tre lærarar reiste på utveksling med to vekers praksis til Skola Katerinky, ein samarbeidsskule i Liberec i Tsjekkia.
Felles prosjekt: Innreiing av hybel

Veke 6 og 7 -23: Dei tsjekkiske elevane kom til Sykkylven for å å ha praksis og erfaringsutveksling.
Felles prosjekt: Sitteinstellasjon framfor skulen.

Lærar og elevar på verkstad
Elevar på industrirobotlab

Yrkesfag vg1 Helse- og oppvekst + vg2 Helsefagarbeidar 
Veke 9 og10 -23: 9 elevar + to lærarar reiste til Pamplona for å hospitere ved vår samarbeidsskule San Fermin Ikastola. Dei hospiterte i barnehage og besøkte sjukehus og eit Forskningsinstitutt.

Yrkesfag Automasjon
Mars 23, 12 dagar: 12 elevar og to lærarar reist til Omron sitt forskningssenter i Barcelona og ein yrkesskule i San Sebastian, Easo Politeknikoa. Dei besøkte også Mercedes sin fabrikk.

Studiespesialisering vg1
Veke 10 -23: 19 elevar og to lærarar reiste til Pamplona, San Fermin Ikastola. Jobba med berekraft-prosjekt, besøkte mellom anna ein vindmøllepark.

Veke 12: Dei spanske elevane kom til oss og budde heime med dei norske elevane. Prosjekt: Berekraft i tekstilindustrien. Besøkte mellom anna Future Lab i Ålesund.

Studiespesialisering vg2
Veke 5 -23: 8 elevar og to lærarar reiste til Sint Paulusschool,  Waregem i Belgia. Prosjekt: Berekraft

Veke 12: Dei belgiske elevane kom til oss og budde heime med dei norske elevane. Prosjekt: Berekraft i tekstilindustrien. Besøkte mellom anna Future Lab i Ålesund.

læarar og elevar i dykkerdrakt

Studiespesialisering vg3
Desember 22: 2 Tysk3-elevar reiste til Berlin 

Elevar i Berlin

12-16 des 22: Ca 30 elevar til Polen med besøk til Krakow og Auschwitz. Gjenbesøk av polske studentar i veke 12.

Elevar i Polen

Mars: 8 Spansk3-elevar reiste til Alicante 

I tillegg reiste 4 elevar + to lærarar til flyktningeleirane Tindouf, Algerie i perioden 10. -19. februar- 23. Dette var i samband med hjelpeprosjektet vårt for Vest-Sahara.

5 elevar og vert i Vest Sahara

Etter å ha vore fleirårige bidragsytarar til eit skulebyggingsprosjekt i Etiopia, har elevane vedtatt å utvikle eit eige humanitært bistandsprosjekt. Ein dag i løpet av skuleåret jobbar elevane til inntekt for flyktningleirane i Vest-Sahara. Som ein konsekvens av konflikta mellom Marokko og Vest-Sahara har det sidan 1975 budd over 100.000 saharaui-flyktningar i desse leirane. Her ønsker vi å bidra.

Vi sender årleg  økonomiske ressursar, samt to elevar og ein lærar til Tindouf (Algerie).

Elevar og lærar i flyktningeleir
Lærar og tolk i Algerie
Elev og lokalbefolkning i Algerie
Elev og lita lokal jente i Algerie

To-årig samarbeidsprosjekt mellom Sykkylven VGS, Jugendstilsenteret i Ålesund og Institut XXV Olimpìada i Barcelona. Her fekk elevane lære om og utforska art nouveau-stilen i Ålesund og Barcelona. 

I mai 2017 blei prosjektet kåra til "Best practice results from Erasmus+", og skulen presenterte prosjektet på den europeiske konferansen "Best practice results from Erasmus +: A conference on Dissemination and Impact in the School Sector" i Bonn, Tyskland.

Skuleåret 2018/2019 avslutta vi det treårige prosjektet "Crossroads with the future". Dette prosjektet involverte skular frå Belgia, England, Island og Spania. Kvart skuleår reiste elevgrupper til Waregem (Belgia), Reykjavik (Island) og Pamplona (Spania). 

Gjennom prosjekt i samarbeid med Nord+ har elevar som går VG1 Helse- og oppvekstfag og VG2 Helsearbeiderfag søkt om å bli med til Aarhus (Danmark). Skulen elevane besøkte har spesialisert seg innan helse og omsorg. 

Gjennom prosjektet IT's the future har mange elevar deltatt i utveksling med skular i England, Island, Belgia og Spania. Det er i hovudsak elevar frå studiespesiaisering som har tatt del i prosjektet

Elevar på VG2 Automasjon har hatt ein del av praksisen sin i Bordeaux (Frankrike). Dette prosjektet tilbyr internasjonal praksis og arbeidserfaring. Ei nyttig erfaring å ha med seg, for ei elevgruppe som vil møte krav om internasjonal kommunikasjon i arbeidslivet. 

I samarbeid med stiftelsen Framtid og håp,  Ulstein vgs og Spjelkavik vgs, har vi fullført eit prosjekt i Arba Minch i Etiopia. 

Både barneskule , ungdomskule og vidaregåande skule står ferdig, og 1200 elevar får no skulegang der. 

Snarvegar

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.