HUSET er eit koseleg lite hus I Sykkylven sentrum som opprinneleg var ein sykkelverkstad og butikk. Snart åtti år seinare flytta vi inn med ein ambisiøs visjon og store draumar om å skape ein unik møteplass mellom skulen vår og bygda – samstundes som vi får ein alternativ læringsarena for elevane ved skulen.
HUSET rommar mykje, og har mange funksjonar. I fyrste etasje har vi innreidd ein liten butikk og kafè der vi sel produkt som ungdomsbedrifter ved skulen har laga. Vi har ope i skuletida, og det er elevar som står bak disken og serverer dagens lunsj. Opningstidene fylgjer skuleruta og vi har vi opne dører frå 10.00-14.30 tysdag, onsdag og torsdag.
I andre etasje har vi eit møterom og mange ekstra bord. Her kan elevar og andre samlast på kveldstid.
For å kome i kontakt med oss i butikken, ring 90 36 58 11.
Ynskjer du å leige HUSET, kontakt Liv Hole.