Miljøfyrtårn

Sykkylven vidaregåande skule er sertifisert som Miljøfyrtårn
Det gjer at vi:

får hjelp til å arbeide heilskapleg, systematisk og langsiktig med tiltak som vil forbetre våre miljøprestasjonar, redusere klimagassutslepp – og bidra til ei grønn framtid.

kan bruke smarte verkty for å arbeide konkret med berekraft innan område som arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport. Vi får også gode forutsetningar for å bidra til å oppnå fleire av FN sine berekraftsmål.

kan møte forventningar om å arbeide ansvarleg, etisk, kostnadseffektivt.

får hjelp til gjennomgong av rutinar vedr. innkjøp, avfallsreduksjon og lågare energiforbruk.

får god grafisk oversikt, statistikk og rapportar som viser kva for effekt miljøarbeidet har hatt og følge med på kva vei utviklinga går.

kan iverksette tiltak og sette nye miljømål for å forbetre våre miljøprestasjonar.

får konkrete råd og hjelp til å få på plass gode rutinar for HMS og arbeidsmiljø, som kan bidra til å redusere sjukefråveret.

kvart 3. år får eit fornya kvalitetsstempel, via ein uavhengig tredjepartskontroll, på at vi arbeider systematisk med miljø og tiltak som gjeld vår bransje.

med eit anerkjent miljøleiingssystem arbeider konkret med berekraft, aukar fokuset på miljø og er stolte og engasjerte.

Dokumenter

Kontakt