Skulemiljø

Mobbing, plaging og erting er ulovleg. Verken elevar, lærarar eller andre på skulen har lov til å mobbe andre.

  • Dersom du ikkje har det bra, har du rett på hjelp frå dei vaksne på skulen. Dette står i opplæringslova.
  • Skolane har aktivitetsplikt. Dei har plikt til å følge med, gripe inn, varsle, undersøke og eventuelt sette inn tiltak om dei får mistanke om eller kjennskap til at elevar ikkje har det trygt og godt på skolen.
  • Du kan også lese meir om hjelp mot mobbing på Utdanningsdirektoratet.

Meld frå

Du skal ta direkte kontakt med skulen din dersom du ikkje har det bra i skulekvardagen.

Du kan også ta kontakt med elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal.

Får du ikkje hjelp på skulen, kan du kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Har du mistanke om at nokon i leiinga krenkar ein elev, skal du ta direkte kontakt med fylkeskommunen, som er skuleeigar.

Har du lyst å engasjere deg for skulemiljøet?

Då kan du delta i elevrådet, skulemiljøutvalet eller skuleutvalet. 

Gjennom målretta og systematisk HMS-arbeid ved Sykkylven VGS fremjar vi helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold samt vi førebyggjer sjukdom og skade.

HMS-måla skal vere tilpassa krava i Arbeidsmiljøloven, Opplæringslova §§ 9a og 11, forskrift om miljørettet helsevern og sjåast i samanheng med mål, kvalitetsplan og aktiviteter til skulen. Opplæringslova kap. 9a gjeld også på skulevegen.

Retningsmål

  • Alle elevar ved Sykkylven vgs skal oppleve eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø.
  • Alle elevar ved Sykkylven vgs skal oppleve eit undervisnings- og opplæringstilbod som gir utfordringar og læringsutbytte i samsvar til føresetnadane til den enkelte.
  • Alle elevar ved Sykkylven VGS skal oppleve eit utfordrande og stimulerande læringsmiljø i samsvar til føresetnader til den enkelte. 

Resultatmål

Elevane ved Sykkylven vgs skal delta i det systematiske HMS-arbeidet i ein fast årleg syklus, der hovudaktivitetane er:

  • arbeidsmiljøkartlegging/ vernerunde/ risikovurdering
  • utarbeiding av handlingsplan og avviksbehandling
  • revisjon av driftseininga si HMS-arbeidsbok (inkl. HMS-aktivitetskalender)
  • HMS-årsrapportering skal behandlast i arbeidsmiljøutvalet (AMU) og skulemiljøutvalet/skuleutvalet

HMS-handboka ligg i si heilheit lenger nede på sida

Dokumenter