Elevmedverknad: bli høyrt - lær meir

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Elevane har rett til å delta på skolen, dei skal bli høyrt både i saker som handlar om dei sjølve, kom korleis skolen planlegg undervisninga og om korleis den fungerer.

Rektor skal høyre på det elevane meiner,  og det elevane meiner skal få betydning.

Det kan vere vanskeleg å kjenne igjen korleis du heilt konkret kan bli høyrt i skolekvardagen. Difor er det laga ein plakat som skal henge i alle klasserom og som lærarane skal bruke aktivt i undervisninga og dialogen med elevane. Plakaten konkretiserer nokre utvalgte kjenneteikn på det å bli høyrt og det å lære meir.

Bli høyrt – lær meir!

 

Elevane sine representantar tek aktivt del i skulen sine råd og utval. Gjennom elevrådet har elevane stor påverknadskraft, og dette viser seg i engasjementet dei legg ned.

Elevrådet er elevane sitt høgste demokratiske organ ved skulen. Kvar klasse har ein tillitselev med vara. Dei vert valt for eit år av gongen og har som oppgåve å representere si klasse i elevrådet og å melde tilbake til klassene om saker elevrådet tar opp. 

Elevrådet skal arbeide for at læringsmiljøet ved skulen skal bli best mogleg og at elevane skal få ein trygg og god skulekvardag. Elevrådet tek opp saker dei som elevar er opptatt av. Elevrådet skal ha ein leiar, ein nestleiar, sekretær, evt. kasserar og styremedlemmer. Elevrådet vel også eit elevrådsstyre - elevrådsstyret har eit tett samarbeid med leiinga på skolen

ELEVRÅDSSTYRET 2020-2021
Leiar Ibrahim Abdulqadir Amin Osman
Nestleiar Simen Løseth Brunstad
Sekretær Emilie Sætre Bonesmo
Styremedlem Erica Brox Bragstad
Styremedlem Fredrik Korsvik-Alnes

Skulemiljøutvalet skal arbeide med saker som vedkjem det fysiske og det psykososiale miljøet ved skulen. Utvalet kan be om tiltak som vedkjem miljøet på skulen og dei kan føreslå trivselstiltak som kjem elevane til gode.

Skulemiljøutvalet er samansett av to elevar frå elevrådet, 4 valde elevar, ein representant frå leiinga ved skulen, ein representant frå fylkeskommunen og ein representant frå dei tilsette ved skulen. 

SKULEMILJØUTVALET 2020-2021
Leiar Emte Aure
Nestleiar Liv Nordli Hole
Barbro Midtgård
Erica Brox Bragstad, 1HO1
Fredrik Korsvik-Alnes 3AU1
Rebecca Vågsæter, 2ST1
Benjamin Vågen, 2AU1
Evgenia Simitopoulou, 1HO1

Dokumenter