Læremiddel og utstyr

Offentleg vidaregående skule er gratis for elevar med ungdomsrett. Både trykte og digitale læremiddel er gratis for elevar. Lærebøker får du altså låne gratis den tida du er elev ved skulen.

Alle elevar må ha eigen PC

Med ungdomsrett har du som elev rett til stipend og lån fra Lånekassen. Kor mykje du kan få, avheng av kva utdanning du tek, kor mykje eleven og dei føresette tener, og om du som elev bur hos føresette eller for deg sjølv.

Elevar på VG1, VG2 og VG3 har rett til stipend til utstyr frå Lånekassen. Det er ulike satsar for støtte, avhengig av kva utdanningsprogram du går på. For elevar på TIP og Elektrofag vil utstyrstipend dekke kostnadar til personleg verneutstyr og anna utstyr som dei treng. Skulen kjøper inn ein standardisert pakke til kvar elev og sender faktura heim. Det vil ikkje bli fakturert for meir enn utstyrsstipendet frå Lånekassen dekker. 

 

Snarvegar