
Sykkylven er tradisjonelt møbelbygda, men kan og i høgste grad kallast teknologibygda. Innovative industribedrifter som samla har ein enorm kompetanse innan teknologi. Ein stor del av produksjonen er automatisert og robotisert. Sykkylven vgs er ein aktør i dette lærande, innovative miljøet, og dreg nytte av synergieffektar.
Vi er ein godt utstyrt skule. Alle klasserom har digitale løysingar og verkstadane har avansert teknologisk utstyr. Til hausten vil vår nye TEK-lab stå klar. Vi kan love gode læringstilhøve!
Gjennom samarbeidet vi har med mellom anna Ekornes, får våre elevar opplæring i dei mest moderne industrirobotane som er i marknaden. Vi har eigen robotlab på skulen!
Årleg arrangerer Industrien med sine samarbeidspartnarar, ein Teknologifestival. Fantastiske foredrag, gode diskusjonar, bedriftsbesøk og ikkje minst inspirasjon i massevis. Skulen med leiing, lærarar og elevar tek del.
Forsking viser at det er avgjerande at læraren vert eksponert for teknologi, for at teknologibruken i klasserommet skal styrkast. (uis.no) Sykkylven vgs er ein del av eit teknologirikt miljø. Vi er stolte av å vere ein innovativ skule innan bruk og opplæring i teknologi.