I samarbeid med Teknologifestivalen har 9.klassingar frå Stranda, Blindheim og Sykkylven fått besøke skulen for å få eit innblikk i korleis vidaregåande-elevar jobbar med teknologiske utfordringar – både dagens og dei vi står overfor i framtida.
Kva for teknologi treng vi for å finne smarte løysingar i industriell produksjon? Korleis kan robotar gjere kvardagen vår enklare og tryggare? Dette er berre nokre av spørsmåla vi utforskar – og kanskje inspirerer det morgondagens problemløysarar!
Våre elevar har vore flotte vertar. Takk for samarbeidet med Teknologifestivalen!