Kvart år sender vi fleire elevgrupper ut i verda for å jobbe med spanande prosjekt ilag med ungdommar frå andre land. Dei besøker også oss, og dermed får vi knyte venskapsband og skape minne for livet.
Sykkylven vidaregåande skule er ein pionerskule innan internasjonalisering. Vi var fyrst ute i fylket og har sidan 1994 hatt ei samanhengande historie innan internasjonalt arbeid. Med mange års erfaring i sekken, er dette noko vi KAN!
Ved Sykkylven vidaregåande skule er vi gjestfrie og eventyrlystne, og vi har utvekslingstilbod på alle linjer.
Les meir om det internasjonale programmet ved Sykkylven vgs.