Privatisteksamen

Treng du å ta opp fag, eller ta eksamen i eit fag du ikkje har frå før? Då kan du melde deg opp som privatist og ta eksamen 

Det er to periodar for privatistoppmelding kvart år

  • 1.–15. september for hausteksamen
  • 15. januar–1. februar for våreksamen

Meld deg opp til privatisteksamen

Du kan ikkje melde deg opp etter at fristen har gått ut.

Du kan ta privatisteksamen i fag du manglar eller ikkje har bestått. Du kan også ta privatisteksamen for å forbedre karakteren i eit fag.

Eksamensavgifta er 1305 kroner for nytt fag, og 2611 kroner for fag du vil forbedre karakteren i. Du må betale innan oppmeldingsfristen.

Les meir om privatisteksamen

Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for gjennomføring av eksamen for privatistar. Ta kontakt med avdelingsleiar før oppmelding.