PC-ordninga

Alle elevar som startar i vidaregåande opplæring treng ei bærbar datamaskin som er god nok for skulebruk. Du har to måtar å skaffe deg ein elev-PC på:
• Kjøpe elev-PC frå fylkeskommunen
• Kjøpe eigen PC

Veljer du elev-PC frå fylkeskommunen, får du ei bærbar datamaskin med
3 års garanti og uhellsforsikring.

Du betalar ein eigendel lik lågaste sats av utstyrsstipendet (kr. 1.398,-)*. Eigendelen betalast éin gong i året, i tre år. Etter det er datamaskina di. Skjer det noko med datamaskina di i denne perioden, blir ho reparert gratis.

Husk at all naudsynt programvare, som til dømes officepakka, får du gratis
frå skulen, uavhengig om du nyttar deg av PC-ordninga eller ikkje.

Meir info om PC-ordninga finn du på skolestart.mrfylke.no

* Statens lånekasse betalar ut utstyrsstipend, og du må søkje om dette. 
Statens lånekasse fastset beløpet. For skuleåret 25/26 er dette kr. 1.398,-.
Meir info om utstyrsstipendet finn du på lanekassen.no.