Storstilt opning av ny teklab ved skulen. Vår nye storstove er endeleg på plass – ein arena der elevane får boltre seg og lære enormt mykje!
Elektro- og automasjonselevane vil ha dagleg aktivitet på teklabben, men også andre elevar får nytte av dei moderne fasilitetane. Enten du driv ei ungdomsbedrift, studerer tekniske fag eller er interessert i velferdsteknologi, vil denne labben opne nye moglegheiter. Her skal vi samarbeide med utanlandske skular og knyte sterke band til lokal industri gjennom spennande prosjekt. Vi er stolte – dette er den einaste teklabben av sitt slag i fylket, og truleg også i landet. Sykkylven vgs er rusta for framtida!