Operasjon Vest-Sahara vårt humanitære prosjekt

Elevar og lærarar har besøkt saharawiske flyktningar i ørkenen i Algerie – eit møte som gjorde djupt inntrykk. Trass i vanskelege forhold og ein kvardag prega av usikkerheit, gjer mange sitt beste for å skape seg eit verdig liv.

Vest-Sahara har vore okkupert av Marokko sidan 1975, etter at Spania trakk seg ut. Det saharawiske folket, leia av frigjeringsrørsla Polisario, har kjempa for sjølvstende i fleire tiår. FN har lova ei folkerøysting om sjølvstyre, men ho har aldri blitt gjennomført. I mellomtida lever mange saharawiar i flyktningleirar i Algerie, medan andre blir undertrykte i dei okkuperte områda.

Utdanning, arbeid og håp for framtida står sentralt, spesielt for barna. Vi møtte menneske med sterke historier, ein ukuelig vilje og ei varm kjærleik til kvarandre og fellesskapet.

Vest-Sahara-konflikten er usynleg for mange, men verkeleg for dei som lever i eksil. Det er viktig å ikkje gløyme deira kamp for rettferd og ei framtid i fridom.

Elevane ved skulen vår har dette som sitt hjelpeprosjekt. Vårt mål er å sette fokus på eit gløymt folk i ei fastlåst konflikt.

Elevar i ørkenen i Algeri - Klikk for stort bilete



 

Vest-Sahara - Klikk for stort bilete
Vest-Sahara - Klikk for stort bilete
Vest-Sahara - Klikk for stort bilete
Vest-Sahara - Klikk for stort bilete
Vest-Sahara - Klikk for stort bilete
Vest-Sahara - Klikk for stort bilete
Vest-Sahara - Klikk for stort bilete
Vest-Sahara - Klikk for stort bilete
Vest-Sahara - Klikk for stort bilete
Vest-Sahara - Klikk for stort bilete
Elevar i ørkenen i Algeri - Klikk for stort bilete
Norske ungdommar møter barn i Algerie - Klikk for stort bilete