Elevane våre på vg2 Industriteknologi og vg3 Automatiseringsfaget har læreplassgaranti gjennom medlemsbedriftene i Sykkylven Industri- og næringslag.
I løpet av åra som elev, vil du få praksis i dei aktuelle bedriftene. Om du gjer ein god jobb, har du eit godt utgangspunkt for å få læreplass i den bedrifta du ynskjer. Har du minimum 3 i alle fag (ikkje snittkarakter) og under 5% fråvær siste året, er du sikra læreplass. Dermed får du fullført fagutdanninga di.