Internasjonal veke

Veke 12 er kvart år ein hektisk periode ved skulen vår. 

Med besøk frå Belgia, Baskerland og Tyskland har elevar og lærarar gjennomført ei innhaldsrik og inspirerande prosjektveke. Gjennom arbeid på tvers av fag og språk har dei forska, samarbeidd og utvikla idear i fellesskap. Framandspråk har vore i aktiv bruk kvar dag, både i fagleg arbeid og i det sosiale, og fleire av elevane har også fått utfordra seg på scena gjennom presentasjonar og framføringar.

Vertselevar og gjestar har teke i bruk både Sykkylven og nabokommunar som læringsarena. Gjennom møte med lokalt næringsliv og ulike aktivitetar utanfor skulen har dei fått innsikt i både arbeidsliv, kultur og kvardagsliv i regionen. Ekstra stas er det å ta med gjestane ut i den fantastiske naturen vår. Denne gongen vart det ikkje med ski på beina, då våren gjorde sitt inntog. 

Sosialt har veka vore prega av gode opplevingar, nye vennskap og mykje glede, ei oppleving som vil sitje att lenge.

Stor takk til gjestane som tok turen, til lokalt næringsliv som har bidrege, og ikkje minst til alle familiane som har opna heimane sine og gjort opphaldet mogleg.

Det internasjonale arbeidet ved skulen vår er både omfattande og viktig. Vi er stolte av å kunne gi elevar på alle trinn og i alle utdanningsprogram høve til å delta, oppleve og utvikle seg i eit internasjonalt fellesskap.

Erasmus logo - Klikk for stort bilete