Internasjonal veke

Tradisjonen tru, er veke 12 internasjonal veke ved skulen. Dette skuleåret har vi hatt rekordbesøk!

Både studiespesialisering, Industriteknologi, Automasjon og Helse- og Oppvekst har hatt besøk frå utanlandske skular. Kvart utdanningsprogram har gjennomført kjekke aktivitetar, både faglege og sosiale. 

Gjennom det internasjonale arbeidet, får elevane oppleve nye kulturar, lære språk og skape vennskap. Aldri har samarbeid på tvers av landegrenser vore meir viktig - vi opplever det internasjonale arbeidet ved skulen i sterk kontrast til det generelle nyheitsbiletet. 

Elevane våre, dei tilsette og ikkje minst dei føresette har lagt ned ein  stor innsats for at den Internasjonale veka vart både innhaldsrik, lærerik og veldig kjekk! Dei utanlandske ungdommane har oppført seg eksemplarisk og lærarane har hatt gode, givande erfaringsutvekslingar.

Samarbeidsskulane våre er Goethe Gymnasium i Weimar, Salesianos i Pamplona, San Fermin Ikastola i Pamplona, Sint Paulus College i Waregem og Easo i San Sebastian. Vi takkar for denne gongen, ynskjer dei vel heim og ser fram mot neste møte!