Som einaste skule i Møre og Romsdal, tilbyr vi Friluftsliv 1 på vg1 og Friluftsliv 2 på vg2. Undervisninga er lagt i bolkar, som oftast gjennom praktisk læring på tur.
Turane foregår i alle årstider, ved sjø, i skog og til fjells. Med og utan overnatting. Du treng ikkje å vere fjellgeit eller i toppform for å velje Friluftsliv. Skulen har mykje av turutstyret til utlån.
Kunnskapen du skaffar deg om turar i naturen, vil du få bruk for heile livet. Gjennom felles opplevingar på tur, får elevane eit unikt samhald og minne for livet.
Merk deg, at du kan kombinere faget Friluftsliv med alle andre fag på studiespesialisering, og dermed få enten generell eller spesiell studiekompetanse.