Frå torsdag 16. desember er vi på raudt nivå
Planen for dei følgjande dagane ser slik ut
Torsdag 16.12 og fredag 17.12: Fysisk oppmøte på skulen. Sjekk eigen plan for oppmøte (Store klasser blir delt)
Måndag 20.12: Digital skule/Teams – Følgjer timeplan som for 13.desember
Tysdag 21.12: Digital skule/Teams – Avslutning med kontaktlærar kl 0900-1000
Tysdag 4.01 og onsdag 5.01: Digital skule/Teams – Vanleg timeplan
REGLAR
- Hald minst 1 m avstand til ALLE elevar og tilsette i alle situasjonar
- Bruk munnbind om du ikkje klarer å halde 1 m avstand
- Sprit/Vask hendene når du kjem til skulen
- Nys inn i armkroken
- Ver heime om du har symptom. Test deg
- Vask pulten etter timen
- LUNSJ i kantina: Alle Vg1 splittar opp 4. time i to økter med matpause 11.00-11.25. 4.t time held fram frå 11.25-11.50. 11.25-11.35: Vasking av bord og stolar i kantina. Alle Vg2 og Vg3 tek matpause frå 11.35-12.00. 5. time blir 5 min kortare. Klasser med kroppsøving i 3. og 4. time kan følge vanleg timeplan.