Frå Sykkylven til Uruguay

Gjennom Erasmus+-prosjektet Incubators for Life har Sykkylven vidaregåande skule samarbeidd med Salesianos Pamplona i Spania om å utvikle og byggje inkubatorar for pedagogisk bruk i tillegg til å hjelpe fortidleg-fødde barn til ein god start i livet.

Denne inkubatoren er ferdig og klar for å bli teken i bruk i undervisning i Uruguay! Ein ny skule skal koblast på prosjektet.

Dette er eit flott døme på korleis internasjonalt samarbeid, praktisk læring og yrkesfagleg kompetanse kan skape noko verdifullt på tvers av landegrenser. Elevane får bruke kunnskapen sin i praksis, utvikle nye ferdigheiter og bidra til eit prosjekt som kjem andre til gode.