Droneutdanning til Sykkylven
Ei ny droneutdanning blir etablert i Sykkylven med oppstart hausten 2026.
Fagskolen Møre og Romsdal samarbeider med Droneakademiet om å utvikle studiet, der Droneakademiet har ansvar for det faglege innhaldet, medan fagskulen tek seg av akkreditering og kvalitetssystem. Utdanninga blir på fagskulenivå, gir studiepoeng og blir eit fleksibelt og desentralisert tilbod med nettundervisning og fysiske samlingar ved Sykkylven vidaregåande skule.
Sykkylven vidaregåande skule stiller med lokale og ønskjer å vere ein del av droneutdanninga. Truleg vil dette kunne gi synergieffektar for vidare utvikling av relevante utdanningstilbod for lokalt og regionalt næringsliv.