Kurs for vaksne

Organisering og ansvar

Det er fylkeskommunen sitt ansvar å tilby vidaregåande opplæring, også for vaksne. Møre og Romsdal fylkeskommune organiserer dette gjennom sju vidaregåande skular som har eit spesielt ansvar for vaksne søkjarar over 19 år.

Sykkylven vidaregåande skule er ikkje ein av skulene i fylkeskommunen som tilbyr vidaregåande opplæring for  vaksne, men du kan søkje som ordinær elev sjølv om du er over 19 år. Etter avtale, kan ein og få hospitere i undervisninga i dei klassene det er kapasitet. 

Karriere Møre og Romsdal er rådgjevartenesta for deg som er vaksen