Sykkylven vidaregåande skule er ein stolt 50-åring! Vi er etablert som ein viktig del av bygda, men og med visjonar om å vere ein aktør i eit globalt storsamfunn.
Vi skal sjølvsagt feire 50 år! Elevane skal få vere med på kakefest, og vi skal invitere gjestar til ei flott jubileumsfeiring. Tida er inne for å mimre, men vi skal og sjå framover. Sykkylven vgs skal vere ein skule i tida for framtida.
I samband med jubileet, har vi laga eit hefte med glimt og hisorier frå dei siste femti åra. Heftet er å få kjøpt i resepsjonen på skulen.