-If you can dream it, you can do it, sa WaltDisney. Dette erfarer ein stor del av våre elevar gjennom Ungt entreprenørskap.
For elevar som skal drive ei bedrift gjennom eit skuleår, inneber det både frustrasjon og hardt arbeid, men aller mest kjensla av meistring, teamarbeid og praktisk læring. Ungdomsbedrift er kjekt!
Skulen vår har lange tradisjonar for å bruke entreprenørskap som metode. Å vere ein del av Skaparglede-bygda forpliktar og opnar for samarbeid med lokalt næringsliv.