Kvifor velje Teknologi- og industrifag i Sykkylven?
- Skulen er godt utstyrt til å gi grunnopplæring i mange ulike yrke. Du kan velje kva fag du vil fordjupe deg i. Som einaste skule i Møre og Romsdal, har vi både snikkarverkstad og møbeltapetserverkstad i tillegg til mekanisk verkstad, sveiseverkstad, robotlab m.m. Det gir deg ei brei gunnopplæring.
- Maskinparken er moderne og gir deg eit godt grunnlag til vidare opplæring i bedrift.
- Du får utvikle god digital kompetanse med teikning i 2D og 3D på SolidWorks. Du kan printe ut det du teiknar på 3D-printarar.
- Du får vere ute i praksis i bedrift 4 heile veker i løpet av vg2, slik at det blir lettare for deg å få lærekontrakt. Vi har godt samarbeid med mange bedrifter i nærområdet og tilknytta fleire opplæringskontor.
- Etter vg1 Teknologi- og industrifag, kan du gå vidare til vg2 Industriteknologi.
- Vi har tilbod om påbygg og eit godt samarbeid med opplæringskontor.
Læreplassgaranti
Etter gitte kriterier, har du garantert læreplass etter vg2 Industriteknologi i medlemsbedriftene til Sykkylven Industri og næringslag.
I løpet av åra som elev, vil du få praksis i dei aktuelle bedriftene. Om du gjer ein god jobb, har du eit godt utgangspunkt for å få læreplass i den bedrifta du ynskjer. Har du minimum 3 i alle fag (ikkje snittkarakter) og under 5% fråvær siste året, er du sikra læreplass. Dermed får du fullført fagutdanninga di.