Teknologi og industrifag

Du lærer

  • om produksjonsplanlegging og produksjonsprosessar
  • om automatisering og programmering av robotar
  • om maskiner og produksjonsutstyr
  • om køyretøy og transport
  • om kjemiske prosessar og kjemiteknikk
  • om helse, miljø og tryggleik

Du bør

  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
  • vere sjølvstendig og nøyaktig
  • vere interessert i ny teknologi

Du kan bli

  • aluminiumskonstruktør, sveisar eller platearbeidar
  • verktøymakar, finmekanikar eller låsesmed
  • faglaborant eller operatør i kjemisk prosessindustri
  • industrisyar, operatør i trikotasje eller vaskerioperatør
  • bilskadereparatør, bilmekanikar eller billakkerar
  • logistikkoperatør eller yrkessjåfør
  • anleggsmaskin-, landbruksmaskin- eller motormekanikar
  • bore- eller brønnoperatør
  • matros eller motormann

Sjå alle yrke og kompetansar

Arbeidsstader

  • teknisk og elektromekanisk industri
  • skipsindustrien eller bilindustrien
  • kjemisk prosessindustri eller tekoindustrien
  • bilbransjen eller oljebransjen
  • vare- eller transportbedrifter

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:

Kvifor velje Teknologi- og industrifag i Sykkylven?

  • Skulen er godt utstyrt til å gi grunnopplæring i mange ulike yrke. Du kan velje kva fag du vil fordjupe deg i. Som einaste skule i Møre og Romsdal, har vi både snikkarverkstad og møbeltapetserverkstad i tillegg til mekanisk verkstad, sveiseverkstad, robotlab m.m. Det gir deg ei brei gunnopplæring.
  • Maskinparken er moderne og gir deg eit godt grunnlag til vidare opplæring i bedrift.
  • Du får utvikle god digital kompetanse med teikning i 2D og 3D på SolidWorks. Du kan printe ut det du teiknar på 3D-printarar.
  • Du får vere ute i praksis i bedrift 4 heile veker i løpet av vg2, slik at det blir lettare for deg å få lærekontrakt. Vi har godt samarbeid med mange bedrifter i nærområdet og til fleire opplæringskontor.
  • Etter vg1 Teknologi- og industrifag, kan du gå vidare til vg2 Industriteknologi.
  • Lærlingegaranti - Du har garantert læreplass i medlemsbedriftene til Sykkylven Industri og næringslag.
  • Du kan ta påbygging til generell studiekompetanse på skulen vår etter vg2 eller etter fagbrev.

Sykkylven Vidaregåande skule og Sykkylven Industri- og næringslag har inngått avtale om ein garanti om lærlingeplass for elevar ved vg2 Industriteknologi.

For å vere garantert læreplass må du: 

  • Ha bestått alle fag på vg1, vg2 i relevant utdanningsprogram
  • Ha karakteren 3 eller høgare i alle fag 
  • Ikkje ha meir enn 5% udokumentert fråvær i avgangsåret
  • Hatt minimum ein praksisperiode i ei av medlemsbedriftene i SINL
  • Stetta formelle krav til søknad

 

Snarvegar

Dokumenter