Robotikklinja

Elektrofag med automatisering (robotikk), studiekompetanse,3-årig

 

Du lærer

  • korleis kompliserte system kan styrast  og overvåkast ved å kombinere ulike målemetodar, datateknologi og matematiske utrekningar.
  • ulike automatiseringssystem
  • ulike robotsystem
  • koding og programmering
  • datakommunikasjon
  • servoteknikk og pneumatikksystem.
  • installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system
  • realfaga matematikk 1T, R1 og R2, samt fysikk 1
  • tryggleik og dokumentasjon

Du bør

  • vere nøyaktig og systematisk
  • like avansert teknologi
  • vere flink i matte
  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
  • vere serviceinnstilt og ha ein logisk tenkjemåte
  • vere kreativ og ha godt fargesyn

Arbeidsstader

  • offentlege eller private bedrifter
  • Bedrifter i Sykkylven og Stranda er i front når det gjeld bruk av robotar. I løpet av dei tre åra på vidaregåande, vil du få praksisveker i lokale bedrifter. Gjennom eit samarbeid med Ekornes, har skulen landet sin beste industrirobotlab i vgs-samanheng

Vidare utdanning

Dette er ei framtidsretta utdanning retta mot høgare teknisk utdanning. Etter 3 år har du spesiell studiekompetanse og kan søkje rett inn på høgskule eller universitet, t.d. ingeniør og sivilingeniørstudier. 

Dette utdanningsløpet fører ikkje til fagbrev, men er eit alternativ til "vanleg" studiespesialisering, eller 2 år yrkesfag og påbygg.

Korleis søkje

Når du søkjer i Vigo, går du inn på Elektro og datateknologi og så til "Elektrofag med automatisering (robotikk), studiekompetanse, 3-årig".

 

 

Snarvegar

Dokumenter