Kvifor velje elektro og datateknologi i Sykkylven?
- Skulen vår er eksepsjonelt godt utstyrt! Vi har mellom anna PLS med programmerbare skjermar til kvar elev, hypermoderne pneumatikklab og fleire velutstyrte elektrofagslabbar innan prosessanlegg og regulering. Vi har ein stor robotlab med ulike typar industrirobotar, som du finn igjen i mange bedrifter.
- Du får digital kompetanse innan teikning, programmering og 3D-printing. Vi brukar mellom anna RoboDK si programvare for å programmere industrirobotar og simulere aktuelle prosessar i industrien.
- Du får vere ute i praksis i bedrift 4 heile veker i løpet av vg2, slik at det blir lettare for deg å få lærekontrakt. Vi har godt samarbeid med mange bedrifter i nærområdet og til fleire opplæringskontor.
- Vi sender elevar på utveksling til utlandet i Automatisering. Det siste samarbeidsprosjektet var med ein skule i Spania
- Etter Vg1 Elektro og datateknologi kan du ved Sykkylven vgs vg2 Automatisering og vidare til vg3 Automatiseringsfaget.
- Dette er framtidsretta teknologifag som mange bedrifter treng enno meir av framover.
- Etter Vg2 eller fagbrev kan du ta påbygging til generell studiekompetanse på skulen, om du ynskjer å studere vidare.
Læreplassgaranti
Læreplassgaranti - Etter gitte kriterier har du garantert læreplass i medlemsbedriftene til Sykkylven Industri og næringslag etter Vg3 Automatiseringsfaget.
I løpet av åra som elev, vil du få praksis i dei aktuelle bedriftene. Om du gjer ein god jobb, har du eit godt utgangspunkt for å få læreplass i den bedrifta du ynskjer. Har du minimum 3 i alle fag (ikkje snittkarakter) og under 5% fråvær siste året, er du sikra læreplass. Dermed får du fullført fagutdanninga di.