Elektro og datateknologi

Du lærer

  • installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system
  • montering, kopling og programmering av elektriske og elektroniske system og anlegg
  • reparasjon av elektrisk utstyr
  • om utvikling av nye elektroniske produkt
  • konfigurering og programmering av utstyr og komponentar
  • tryggleik og dokumentasjon

Du bør

  • vere nøyaktig og systematisk
  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
  • vere serviceinnstilt og ha ein logisk tenkjemåte
  • vere kreativ og ha godt fargesyn

Du kan bli

  • elektrikar, elektroreparatør eller energioperatør
  • tavle-, signal eller heismontør
  • avionikar eller flymekanikar
  • romteknolog, data- eller produksjonselektronikar
  • automatikar eller FU-operatør 

Sjå alle yrke og kompetansar

Arbeidsstader

  • offentlege eller private bedrifter
  • prosess- eller elektronikkindustrien
  • mekanisk industri, energiverk eller jernbanedrift
  • data-, fly- eller oljebransjen

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:

Kvifor velje Elektro og datateknologi i Sykkylven?

  • Skulen vår er eksepsjonelt godt utstyrt! Vi har mellom anna PLS med programmerbare skjermar til kvar elev, hypermoderne pneumatikklab og fleire velutstyrte elektrofagslabbar innan prosessanlegg og regulering. Vi har ein stor robotlab med ulike typar industrirobotar, som du finn igjen i mange bedrifter.
  • Du får digital kompetanse innan teikning, programmering og 3D-printing.
  • Du får vere ute i praksis i bedrift 4 heile veker i løpet av vg2, slik at det blir lettare for deg å få lærekontrakt. Vi har godt samarbeid med mange bedrifter i nærområdet og til fleire opplæringskontor.
  • Vi sender elevar på utveksling til utlandet i Automatisering. Det siste samarbeidsprosjektet var med ein skule i Frankrike.
  • Etter Vg1 Elektro og datateknologi har du to val på skulen vår: 
    • Vg2 Elenergi og ekom: Elenergi i vg2 er eit nytt tilbod som vi tilbyr skuleåret 2021/22.
    • Vg2 Automatisering: Etter Vg2 Automatisering kan du gå vidare til Vg3 Automatiseringsfaget.
  • Dette er framtidsretta teknologifag som mange bedrifter treng enno meir av framover.
  • Lærlingegaranti - Du har garantert læreplass i medlemsbedriftene til Sykkylven Industri og næringslag etter Vg3 Automatiseringsfaget. 
  • Etter Vg2 eller fagbrev kan du ta påbygging til generell studiekompetanse på skulen, om du ynskjer å studere vidare.

Sykkylven Vidaregåande skule og Sykkylven Industri- og næringslag har inngått avtale om ein garanti om lærlingeplass for elevar ved vg3 Automatiseringsfaget.

For å vere garantert læreplass må du: 

  • Ha bestått alle fag på vg1, vg2 og vg3 i relevant utdanningsprogram
  • Ha karakteren 3 eller høgare i alle fag 
  • Ikkje ha meir enn 5% udokumentert fråver i avgangsåret
  • Hatt minimum ein praksisperiode i ei av medlemsbedriftene i SINL
  • Stetta formelle krav til søknad

Snarvegar

Dokumenter