Særskilt tilrettelagt opplæring er eit tilbod til dei som av ulike grunnar ikkje kan følgje ordinære utdanningsprogram.
- Undervisninga kan skje med eige opplegg, eller integrert i klasser.
- Tilrettelegging gjeld alle utdanningsprogramma ved skulen.
- Elevane får utarbeida individuelle opplæringsplanar. Fagmengda vil difor variere frå person til person.
- I tillegg til fellesfag får elevane ved yrkesfag tilrettelagt opplæring/arbeid i bedrifter eller på HUSET.
- Elevane kan og få undervisning i bustadlære, vekeplanlegging og lokalkunnskap.