Utdanningstilbod

I hjartet av skapargledebygda finn vi Sykkylven vidaregåande skule. Her møter vi engasjerte og oppdaterte lærarar som legg til rette for god læring, trivsel og meistring. Med omlag 250 elevar er vi akkurat passe stor; liten nok til eit inkluderande fellesskap, men også stor nok til mangfald. Skulen har fleire varierte utdanningsprogram innan studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, samt elektro og datateknologi.