Høgdepunkt i 50 år

1963

Yrkesutdanning i Sykkylven var tema i kommunevalkampen.

1971

Søknad til fylkesskulestyret om å etablere Vidaregåande skule i Sykkylven

1974

Sykkylven Vidaregåande skule vart formelt starta. Tilbodet var : første året på Allmennfag, To-årig kombinert grunnkurs, mekaniske fag, saum, husstell og kontorfag. Fyrste rektor: Gudmund Solstad. 90 elevar
Lokale krefter med Ola Longva i spissen, jobba for å utvide til tre-årig allmennfag. Bygda mobiliserte, og av 3708 røysteføre, skreiv 2899 under på eit opprop om å utvide tilbodet ved skulen.

Elevar i protesttog - Klikk for stort bilete

1975

Rektor: Willy Sørvang 1975-1977

1977

Fyrste byggesteg til Sykkylven vgs sto ferdig. Kommunen forskutterte skulebygget. 
Rektor: Øyvind Østvik 1977-2001

Synfaring skuletomta - Klikk for stort bilete

1978

Oppstart vg2 og vg3 Allmennfag

1979

AMO-kurs i møbelsaum

Skulen sitt hovudbygg ferdigstilt, og elevar og lærarar kunne flytte frå Grønebygget ved Sykkylven Ungdomsskule til dei nye undervisningslokala.

Flytting - Klikk for stort bilete

1980

Fyrste utgåve av Gaukeriå kom ut. (tidlegare kull hadde hatt russeavisa “Dei hardbalne”)

Russ med russeavis - Klikk for stort bilete

1983

Opplæring i EDB som eit linjefag på naturfaglinja. Programmeringsspråk BASIC.

1985

Teknisk fagskule vart ein realitet.

Stor lærarmangel, særleg innan realfag. Til dømes mangla denne gjengen biologi-lærar i 1988.

elevar - Klikk for stort bilete

1986

AMO-kurs i Trearbeidsfag.

1988

14 møbelverksemder på Sunnmøre etablerte eit opplæringskontor for møbel og treindustrien. SVGS ansvar for den teoretiske opplæringa.

1989

Tilbodet VK1 Automasjon starta opp.

Sykkylven vgs fekk ansvar for dei seks nordlegaste fylka si lærlingeordninga for tapetserarfag

Sprengd romkapasitet ved skulen. Kvar dag kom det to busslastar med elevar frå Ålesundssida. Ein del av undervisninga måtte foregå i leigde lokale. Skulen og lokal industri, hadde og eit ynskje om å starte kompetansesenter innan møbel. Private aktørar gjekk ilag med skulen og fekk reist eit nytt bygg. 
Skulen tok og i bruk brakker som undervisningslokaler. I det nye kompetansebygget, fekk skulen mellom anna eit moderne språklaboratorium. 

Elevar og lærar på språklab - Klikk for stort bilete

 

1990

Skulen får si fyrste heimeside. 

1992

Elevane ved skulen fekk tilbod om fordjuping i mediefag. 

1993

Oppstart av stiftinga RISS Ressurssenter for Stranda og Sykkylven vidaregåande skular

1994

Reform -94. I denne reforma vart  teorifaga styrka i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Påbygg-året vart innført, og dermed kunne og yrkesfagelevar få studiekompetanse.  Ved Sykkylven vgs, fekk vi VK1 Snikkarfag og VK1 Tapetserarfag for å tilpasse kompetansebehovet i lokalt næringsliv.

AMO-kurs overflatebehandling

Fyrste yrkesmessa for utdanningssøkjande ungdom i Storfjordregionen.

Fyrste læreplassgarantien vart innført gjennom eit samarbeid med industrien i Sykkylven Industrilag. Dei garanterte læreplassar i bedriftene for alle som gjekk ut av VKI trearbeids- tapetserarfag.

Læreplassgaranti frå industrien - Klikk for stort bilete

1995

Nybygg for dei oppstarta utdanningtilboda Industrimekanikarar (VKI Elektromekaniske fag)-kurs i Snikkar og Tapetserarfag. Utbygginga var i regi av Kompetansebygg.

1996

Forbod om å røyke på "Loftet" på skulen. Eige røykeområde ute

1997

Oppstart  av oppfølgingstenesta med særskilt ansvar for elevar som ikkje nyttar seg av retten til opplæring etter vanleg progresjon.

Møbeltek skaffa skulen si fyrste CNC-maskin til 2 million. Skulen bidrog med 0,5 mill sjølve.

1999

Utdanningstilbodet Møbeltapetserarar lagt ned

2000

Omstilling -2000. Fleire vgs skular i fylket lagt ned. SVGS kjempa for å behalde Teknisk fagskule.

Nybygg med kontorplassar, personalrom og møterom 

2002

Nils Henrik Groven rektor 2002-2004 (Jon Hjortdal konstituert rektor delar av perioden)
Oppstart studieretningsfag for allmennfag Design og teknologi. Eit samarbeid med NTNU i Trondheim og ingeniørhøgskulen i Ålesund.

2003

Go'stolen UB og Spikern UB til NM for ungdomsbedrifter.

2004

Ingunn Aagård rektor 2004-2008

2006

Etablering av samarbeid om robotopplæring av tilsette Ekornes. Skulen får dermed sin eigen industrirobotlab som og kan nyttast i undervisning av elevar ved skulen.

2007

Eleptic UB deltar både i NM for ungdomsbedrifter. Dei går til topps og får delta på EM, der dei ender på ein tredjeplass. 
 

Ungdomsbedrifta Eleptic - Klikk for stort bilete

2008

Barbro Midtgård rektor 2008 - 

Ungdomsbedrifta ReModo UB går til NM.

Ungdomsbedrift har laga veske - Klikk for stort bilete

Frå ord til handling, eit stort samarbeidsprosjekt  mellom FAFO, NAV, Oppfølgingstenesta, Sykkylven Ungdomsskule og PPT 

Reportasje om eit skuleprosjekt. Illustrasjon - Klikk for stort bilete

2009

Skulen tok i bruk prosjektet Dignity Day.  Dette vart etablert i 2006 av  H.K.H Kronpris Haakon, professor Pekka Himanen (Finland) og leder av Operation Hope, John Bryant (USA) og hadde fokus på verdigheit. 

Remodo UB til NM for ungdomsvbedrifter.

2010

Mira Solutions UB til NM for ungdomsbedrifter.

2011

Hjelpeprosjektet «Operasjon Etiopia» starta. Eit samarbeidsprosjekt mellom dei vidaregåande skulane i Sykkylven, Spjelkavik og Ulsteinvik der ein bygde opp barnehage og skular i Arba Minch.

Stape UB til NM for ungdomsbedrifter.

Ny realfagslab ferdig.

Elevar på realfagslab - Klikk for stort bilete

2012

Oppstart Vg2 interiør og utstillingsdesign.

Relasjonspedagogikk - Sykkylven vgs som pilotskule i regi Jan Spurkeland.

Butterfly UB til NM for ungdomsbedrifter. Der fekk dei ein fyrstplass (Mesterbrevprisen) og ein andreplass for standen sin. 
- Frå idé og design, til ferdig stol for barn. Gruppa hadde sjølv forma stolen, produsert enkeltelementa i nært samarbeid med lokalt næringsliv, og fått den sertifisert og godkjend", heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Butterfly UB på messe - Klikk for stort bilete Nils Harald Ånstad

 

2013

Tilsetting av næringslivkontakt, internasjonal koordinator og UB-koordinator

2014

Rekordår for ungdomsbedrifter. 16 bedrifter og ein tredjedel av elevane tok del. Ungdomsbedriftene arrangerte eiga julemesse.

Grunnlovsfeiring med program, kunstutstilling og 1814-meny.

40-årsjubileum. Personalet reiste på tur til Barcelona

Oppgradering av personalrom. Nye møblar.

Skulen fekk hjertelogoen sin. Sjekk kartet over Sykkylven, og du vil oppdage ei hjerteform. Hjertelogoen kan altså sybolisere at vi er ein viktig aktør i kommunen vår. Ein fargerik hjertelogo symboliserer også mangfald, variasjon og sjølvsagt at vi har hjerte for eleven. Her skal alle trivast og ha det bra! 

Hjertelogo - Klikk for stort bilete

Oppgradering  av skulebiblioteket. Nye studieplassar.

Elevar på biblioteket - Klikk for stort bilete

2015

Sykkylven vgs fekk i 2015 for første gong eit EU-prosjekt for elevar ved yrkesfaglige utdanningsprogram. Erasmus+ London var eit samarbeidsprosjekt med ADC College i London. 

HUSET vert etablert

Elev i arbeid på HUSET - Klikk for stort bilete

2016

Skulen godkjend som Miljøfyrtårn-bedrift. 

EU (Erasmus+) kåra det internasjonale prosjektet «From Sunnmøre to Catalonia through Art Nouveau» til «Best practice» innanfor internasjonal undervisning.

Husgjengen UB til NM for ungdomsbedrifter.

Elevar på NM for ungdomsbedrifter  - Klikk for stort bilete

 

2017

"Teknologiuka for jenter"  NTNU inviterer kvart år teknologiinteresserte jenter frå vg2 og vg3 til Trondheim i tre dager. 

Elevrådet fekk med 26 bedrifter/opplæringskontor/høgskule/universitet på arrangementet #dittnestesteg. Nytt av året er at 10.trinn også deltok. 

Oppgradering av kantina med nytt kjøkken og nye kantinemøblar.

Skulen innfører VIP-Makkerskap for å styrke læringsmiljøet i klassene. 

Fleksitre UB til NM for ungdomsbedrifter.

 

2018

Hjelpeprosjektet «Operasjon Vest-Sahara» startar. Elevane jobbar inn pengar til Saharawifolket som er forvist frå landet sitt og sit i flyktningeleir i Algerie. 

Elev på beøk på ein afrikansk skule - Klikk for stort bilete

Stålkontroll UB til NM for ungdomsbedrifter.

Elevar har produsert ein utebenk i tre og stål - Klikk for stort bilete

 

2019

MOT-skule. Etter ei høyring i klassene i regi elevrådet våren 2019, er det klart at Sykkylven vgs blir MOT-skule frå hausten 2019, som den 2. vidaregåande skulen i Møre og Romsdal. 

lærarar på MOT-utdanning - Klikk for stort bilete

Helse og oppvekstfag har gjennomført første skuleår med eit topp utstyrt øvingsrom for helsearbeiderfag. Oppgraderinga våren 2019 er høgt verdsatt og der elevane får autentiske øvingar.

Våren 2019 utvida vi robotlaben på skulen frå tre til seks robotar. Ekornes eig tre av robotane, og til gjengjeld gir våre lærarar kurs for tilsette ved Ekornes. Dette samarbeidet har vi hatt i 14 år. Robotlabben vart oppussa. 

Elevar jobbar med robotar.  - Klikk for stort bilete

Etablering av læreplassgarantien. Elevar som går vg2 industriteknologi og vg3 automasjon er garantert læreplass så sant dei kan oppfylle vilkår om mellom anna karakteren 3 i alle fag. Ordninga er arbeidd fram av Sykkylven industri og næringslivslag (SINL) og Opplæringskontoret for møbel, tre og mekanisk industri. Sykkylven vidaregåande er medlemsbedrift i SINL.

Elevar jublar for læreplassgaranti - Klikk for stort bilete

2020

Korona-pandemien skaper utfordringar. Det har vore eit godt arbeidsår, på tross av at Korona har gjort den fysiske kontakta med andre aktørar utanfor skulen vanskeleg. Tal for gjennomføring med fullført og bestått ligg over landssnittet og fylkessnittet. Undervisninga har vore prega av pandemien heile skuleåret, med periodevis fjernundervisning, hybridundervisning og klasseromsundervisning med fysisk distanse lærar-elev. Fokus har vore å minimere uheldige konsekvensar sosialt og fagleg. Dei fleste aktivitetar utanfor skulebygninga måtte avlysast. Fleire verkty forundervisning vart tekne i bruk, med stor grad av kompetanseheving innan IKT for lærarar og elevar som eit resultat. Døme er bruk av videomøte på Teams og Zoom, produksjon av undervisningsvideoar, digitale prøver og elevsamtalar på nett. Vi etablerte Teams som læringsplattform frå hausten 2020 for tilsette, og frå januar 2021 for elevar.

Koronatesting av elevar - Klikk for stort bilete

2021

Sykkylven Næringslag tok initiativ til å etablere eit nytt samarbeidsforum, SKULENÆR saman med skaparLINKEN, Sykkylven ungdomsskule, Sykkylven vgs, rådgjevar formidling Sunnmøre Anne Grytdal og Opplæringskontoret for Møbel-, Tre- og Mekanisk Industri (OMTM). Her er det etablert fleire prosjektgrupper og delprosjekt som styrker samarbeidet skule/bedrift.

Stig Gunnar Støylen tek over som assisterande rektor etter Gisle Johnsen.

Studentbobla UB tok ein andreplass i NM for ungdomsbedrifter.

Elevar som feirar. - Klikk for stort bilete

Elevar med programfaga Sosiologi og Politikk og menneskerettar på studiespesialisering gjenomførte eit forskingsprosjekt i regi av Holberg-stiftelsen.

Elevar jobbar i gruppe - Klikk for stort bilete

2022

Sykkylven vgs har i 2022-2023 deltatt i forskningsprosjektet INTERACT i samarbeid med Universitet i Stavanger som ein av fleire vidaregåande skular i Møre og Romsdal fylke og i Rogaland fylke. Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet.  Lærarane som deltek gir uttrykk for at prosjektet er meiningsfullt og lærerikt, og har påverka deira praksis positivt.

2024

Sykkylven vgs feirer 50 år!