Handlingsplan skuleåret 2023-2026 Sykkylven vgs.
Handlingsplanen er utarbeidd med utgangspunkt i Fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal for perioden 2023-2026, og prioriteringar i skulen sin oppdragsavtale.
Utviklingsområde og utviklingsmål
Skulen vil skuleåret 2023-24 arbeide med følgande prioriterte utviklingsområde og utviklingsmål:
Felles satsingsområde er internasjonalisering og entreprenørskap.
1. LÆRINGSMILJØ
Resultatmål læringsmiljø
Ein skal skape betre læringsmiljø, der alle elevar og lærlingar får utvikla sosiale og faglege kompetansar som del av eit klasse- eller arbeidsfellesskap der dei opplever å høyre til og har det trygt og godt
Måleindikatorar
• Skåren for trivsel i elevundersøkinga skal vere minst 4,3. (4,4 – 4,3 – 4,3)
• Skåren for læringskultur i elevundersøkinga skal vere minst 4,1. (4,10 – 4,10 – 4,30)
• Skåren for motivasjon i elevundersøkinga skal vere minst 3,7. (3,80 – 4,10 – 4,0)
• Mobbing i skolen skal vere 0 prosent.
Det skal bli vurdert kva som er til det beste for eleven eller lærlingen i alle saker som omhandlar læringsmiljø, og tiltak som blir sette i verk skal alltid følgast opp (jf. barnekonvensjonen og opplæringslovas kapittel 9A).
Tiltak læringsmiljø:
Innsatsteamet mot mobbing skal bli kopla på når elevar opplever å ikkje ha eit trygt og godt skolemiljø.
Resultatmål elevmedverknad
Alle elevar og lærlingar skal oppleve å ha moglegheit til å medverke i opplæringa si, og slik skape større læringsutbytte
Måleindikatorar
• Skåren for elevdemokrati og medverknad i elevundersøkinga skal vere minst 4,0. (3,80 – 3,80 – 3,70)
• Skåren for vurderingspraksis i elevundersøkinga skal vere minst 3,5. (3,70 – 3,70 – 3,50)
• Møte i elevråd, skolemiljøutval og skoleutval.
Tiltak elevmedverknad og vurderingskultur:
Opplæringa skal bygge demokratiforståing og ei oppleving av medborgarskap hos elevar.
Elevar skal oppleve å bli lytta til og ha reell medverknad i avgjerder som omhandlar dei.
Elevar må oppleve å kunne medverke i organisering, innhald, metode, presentasjon og vurdering som ein integrert del av opplæringa.
Skulen skal ha ein vurderingspraksis som fremmer sjølvfølelse, lærelyst og læring (jf. forskrift til opplæringslova § 3-3).
I forskrift til opplæringslova § 3-10 blir det vist til fire læringsfremmande prinsipp som ligg til grunn for god undervegsvurdering:
1. Elevar skal delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling
Synleggjere i årsplan for faget korleis eleven skal vurdere sitt arbeid. Eleven skal bruke fagsamtalen til å reflektere over egen læring. Dette kan vere fokus i fagsamtalen. Lærarar deler praksis i Teams.
(Større) tema skal innehalde vurdering av eigen innsats, læringsstrategi og resultat.
2. Elevar skal forstå kva dei skal lære og kva som blir forventa av dei
Samarbeide med elevane kva kompetansemål/vurderingskriterium som skal vere inkludert (omfanget av vurderinga).
Utarbeide og bruke vurderingskriterier for dei ulike kompetansemåla i ny læreplan i samarbeid med andre.
La elevane bli kjent med dei ulike verba som skildrar dei ulike nivåa av måloppnåing (Udir): forstå, kjenne til, bruke, forklare, greie ut om, grunngi, drøfte, samanlikne, analysere, vurdere.
3. Elevane skal få vite kva dei meistrar
Gjennomgå og la elevane prøve ut ulike læringsstrategiar, slik at dei kan bli medvitne den strategien som gjer at dei lærer best.
La elevane velje strategi når situasjonen ligg til rette for det.
4. få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin
2. LÆRINGSRESULTAT
Resultatmål læringsresultat
Opplæringa skal førebu til deltaking i arbeids- og samfunnsliv
Måleindikatorar
• Skåren for meistring i elevundersøkinga skal vere minst 4,5. (4,0 – 4,10 – 3,80)
• Skåren for støtte frå lærar i elevundersøkinga skal vere minst 4,1. (4,2 – 4,30 – 4,10)
• Skåren for fagleg utfordring i elevundersøkinga skal vere minst 4,4. (4,4 – 4,30 – 4,50)
• Skåren for relevant opplæring i elevundersøkinga skal vere minst 3,8.
• Skåren for praktisk opplæring i elevundersøkinga skal vere minst 3,8.
• Skåren for variert opplæring i elevundersøkinga skal vere minst 3,8.
Skulen skal mellom anna legge til rette for at undervisinga er relevant og yrkesretta i alle fag, og på tvers av dei.
Opplæringa skal også legge vekt på å lære å lære, samhandling, kommunikasjon og deltaking og utforsking og skaping. Djupnelæring, kritisk tenking og refleksjon er også ein viktig del av opplæringa.
Tiltak læringsresultat:
Elevar skal vere med å velje arbeidsmåtar i fag. Undersøke med elevane etter ei vurdering kva dei var nøgd med og eventuelt misnøgd med den siste perioden, og om dei har forslag til endringar for neste periode.
Styrke samarbeid mellom rådgivarar på susk og vgs. Bevare dei gode hospiteringskonsepta vi har utvikla for å behalde elevane i Sykkylven. Vidareutvikle samarbeidet med susk, der lærarane kan få kursing i td. programmering.
Ha fokus på dei tverrfaglege emna folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Dette kan bli nådd ved å opne for meir sjølvstendig arbeid i møtetida, aleine eller i lag med andre etter behov.
Halde ved like samarbeid med næringsliv gjennom t.d. entreprenørskap og YFF. Elevane skal øve på nytenking og entreprenørskap i samarbeid med kvarandre i alle fag. Som framtidige arbeidstakarar er det viktig for elevar å sjå moglegheitene i det regionale arbeidslivet.
Prosessorientert læring. Rettleiing av skulearbeid undervegs i prosjektet eller arbeidet, slik at elevane kan gjere eit betre resultat (undervegsvurdering).
Tverrfagleg samarbeid i fag, med vurdering i fleire fag og lærar til stades i prosesser der det er naturleg. Det er behovet for samarbeid som skal styre i kva for grad ein skal samarbeide.
Fagsamarbeid etter faglege behov. Større fleksibilitet i samarbeidsgrupper og innhald.
Resultatmål internasjonalisering:
Gjennomføre internasjonale aktivitetar som styrkar kvaliteten og aukar læringsutbyttet i vidaregåande opplæring.
Måleindikatorar
• Alle skolar skal delta i internasjonale prosjekt finansiert gjennom EU/Erasmus+ eller EØS.
• Elevar og tilsette skal ha moglegheit til å få internasjonal erfaring gjennom EU/Erasmus+ eller EØS prosjekt.
Tiltak internasjonalisering
Internasjonalisering skal vere ein naturleg og integrert del av opplæringa. Elevar og tilsette kan delta i ulike internasjonaliseringsprogram.
Internasjonale prosjekt gir tilsette moglegheita til oppdatert fagkompetanse og inspirasjon til utvikling av nye og innovative arbeidsmetodar.
4.GJENNOMFØRING
Resultatmål gjennomføring
Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring
Måleindikatorar
• Over 85 prosent av elevar skal gjennomføre etter fem/seks år i vidaregåande opplæring.
• Minst 90 prosent av elevane skal fullføre og bestå skoleåret. (90,7 %)
• Færre enn 3 prosent skal slutte i løpet av skoleåret. (3,7%)
• Fråværet til elevar skal vere lågare enn 4,5 prosent. (3,1%)
Utan vidaregåande opplæring risikerer unge å møte vanskar med å få varig tilknyting til arbeidslivet. Vidaregåande opplæring skal derfor ha relevante og framtidsretta tilbod, og som skal bidra til å rekruttere lokal og regional arbeidskraft.
Tiltak gjennomføring:
Halde fram med tverrfagleg arbeid og tverrfagleg vurdering. I fellesfag kan oppgåver «spissast» mot utdanningsvala til elevane, t.d. i samband med praksis.
Informasjon om moglege hjelpetiltak til elevar med behov må utarbeidast av innsatsteamet.
Eleven kan då også sjølv søke hjelp før fråværet har blitt høgt.
Informere om kvifor det er viktig å unngå å få mykje fråvær, då fråveret av erfaring ofte heng saman med dei faglege resultata.
Tidleg innsats for elevar som treng ekstra fagleg støtte- 10-timarskurs på tidleg tidspunkt. Dette gjeld elevar som har lågt udokumentert fråver. Rask innsats for elevar som grunna sjukdom eller liknande er borte frå ordinær undervisning i kortare periodar.
Arbeide for å auke tilbodet med helsesjukepleier og psykiatrisk sjukepleier.
Tydeleggjere for fleire elevar moglegheita dei har til å ta fag over 2 år, for dei som slit fysisk eller psykisk.
Resultatmål overgang
Ein skal betre overgangane frå ungdomsskole til vidaregåande og frå vidaregåande til opplæring i bedrift og høgare utdanning, slik at fleire gjennomfører den vidaregåande opplæringa si.
Tiltak overgang:
Gode rådgivingstenester er sentrale for å skape dei gode overgangane.
For å auke gjennomføringa er det også viktig å få fleire elevar til opplæring i bedrift.
Lærarar må promotere lærlinggarantien, for å bidra til å skape ekstra motivasjon blant elevane. Elevar med minimum 3 i alle fag og maksimalt 5% fråvær har rett på lærlingplass.
Samarbeid med arbeidslivet bidreg til at opplæringa i skolen blir meir yrkesrelevant og at elevane blir betre førebudde på læretida og arbeidslivet.
Skulen skal bidra til fleire opplæringsplassar og læreplassar gjennom avtalar om utplassering i samband med faget yrkesfagleg fordjuping.
Skulen får støtte av formidlingsrådgivar i arbeidet for å sikre gode overgangar mellom skular til opplæring i bedrift.
5.Leiing og profesjonsutvikling
Resultatmål leiing og profesjonsutvikling
Vidareutvikle leiing, skoleutvikling og profesjonsfellesskap, med mål om å fremme gode delings- og læringskulturar gjennom aktiv deltaking og dialogar. Elevane si læring og utvikling skal vere i fokus i arbeidet med skolebasert kompetanseutvikling, digital kompetanse, læreplanarbeid og vurderingspraksis.
For å sikre god praksis for leiing og profesjonsutvikling skal:
• skulen drøfte pedagogisk praksis, på tvers av leiing og lærarkollegium, for å styrke det profesjonsfaglege fellesskapet
• skulen ha arenaer for felles refleksjon og læring der lærarar og leiarar samarbeider om planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa
• leiardialogen skal fremme skoleutvikling og godt samarbeid, både mellom kompetansesjefen og den enkelte skole og på tvers av skolar
• medarbeidarundersøkingar og dialogar gi tilsette moglegheit til å medverke i eigen arbeidskvardag
Tiltak leiing og profesjonsutvikling:
Fagdagar: Alternativ læringsarena. Kvar lærar arbeider for å finne eigna ekskursjonar, bedriftsbesøk, tverrfaglege prosjekt, samarbeid med eksterne ressurspersonar i sine fag. Bruke eigen fagdag så langt som råd. Overordna mål er auka gjennomføring, auka motivasjon og auka trivsel og læring. Skape interesse hos elevane.
Digitale ferdigheiter: Sikre at lærarar har dei digitale kompetansane som krevst for å yte god opplæring i digitale ferdigheiter.
Kollegarettleiing. Bruke fagkunnskapen til kvarandre.
Kurs og kompetanseheving relatert til Kunnskapsløftet – Få avklaring i medarbeidarsamtale.
Samarbeid med fagskule og universitet (NTNU) evt. bedrifter.
Skulebesøk til andre skular, inspirasjon, idear og fagleg påfyll.
Tid til god kursing av tilsette. Etter behov og ynskje ved kvar enkelt avdeling, Td. første skuleveke, studiedagar osv.
Å fortsetje med tverrfagleg arbeid/team som eit forum for å dele og reflektere over felles verdiar, og vurdere og vidareutvikle eigen praksis.
Å halde kompetansehevingskurs for lærarar på skulen. Bruk av teams-kurs td i regi av forlaga.
Skuleleiarane følgjer opp tiltaksplan for si avdeling etter MTM-undersøkinga 2021.