Entreprenørskap

-If you can dream it, you can do it, sa WaltDisney. Dette erfarer ein stor del av våre elevar gjennom Ungt entreprenørskap. 

For elevar som skal drive ei bedrift gjennom eit skuleår, inneber det både frustrasjon og hardt arbeid, men aller mest kjensla av meistring, teamarbeid og praktisk læring. Ungdomsbedrift er kjekt!

Skulen vår har lange tradisjonar for å bruke entreprenørskap som metode. Å vere ein del av Skaparglede-bygda forpliktar og opnar for samarbeid med lokalt næringsliv.

Skuleåret 23-24 har vi hatt tre bedrifter på vg2 Industriteknologi. Alle har lykkast i å få fram gode produkt. Sisu UB har laga eit skistativ og vart kåra til fylket si beste Yrkesfaglege bedrift.  I tillegg fekk dei fyrsteplass i beste standoppleving gjennom produktkunnskap og begeistring for faget sitt. 

NGL UB har laga eit vangebord av spiler med innebygd trådlaus mobilladar. For dette arbeidet vart dei premiert som nummer to i kategorien Beste Yrkesfaglege bedrift. Wineup UB med sitt flaskestativ har hatt eit kjempebra salg.