Skule PC

Alle elevar som startar i vidaregåande opplæring treng ei bærbar datamaskin som er god nok for skulebruk. På skolestart.mrfylke.no kan du søkje om PC. Er du under 18 år, må føresette gå inn og stadfeste søknaden din. 

Skriv ut

Veljer du elev-PC frå fylkeskommunen, får du ei bærbar datamaskin med 3 års garanti og uhellsforsikring, og du betalar ein eigendel på kr. 1.096,- éin gong i året, i tre år. Etter det er datamaskina di. Skjer det noko med datamaskina di i denne perioden, blir ho reparert gratis. Husk at all naudsynt programvare, som til dømes officepakka, får du gratis frå skolen, uavhengig om du nyttar deg av PC-ordninga eller ikkje.

Du kan søkje om utstyrsstipend på Lånekassen for å dekkje eigendelen.