Nytt prosjekt for helse- og oppvekstelevane
Elevane som går helse- og oppvekstfaga på både vg1 og vg2, er ein del av eit stort utvekslingsprogram Sykkylven vgs har i Nord Spania. Gjennom dette EU-prosjektet, kan elevar ved Sykkylven vidaregåande, ein skule i ei lita bygd, faktisk vere ein verdsborgar. To vekers opphald i Pamplona har gitt varierte erfaringar som kan brukast vidare både i utdanning og i livet.
Utvekslingsprogrammet ved Sykkylven Vidaregåande skule er støtta av EU. Eramus+ er EU sitt program for utdanning og opplæring av ungdom. Formålet er å støtte mobilitet og samarbeidsprosjekt på tvers av landegrensene. Skulen er inni eit 5 års program i samarbeid med Erasmus+. Elevar på både yrkesfag og studiespesialisering får difor besøke andre europeiske land. Sykkylven vidaregåande har partnarskap med ein baskisk opplæringsinstitusjon i Pamplona. For elevane som går Helse- og oppvekstfag fører samarbeidet til at nokre har fått eit to-vekers praksisopphald i Nord-Spania.