I perioden 1.oktober til 20.desember skal elevane gjennomføre elevundersøkinga

I Elevundersøkinga får alle elevar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal seie si meining om læring og trivsel i skulen.

Skriv ut

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking. Gjennom å svare på undersøkinga får elevane moglegheit til å påverke eigen skulekvardag. Svara frå elevane blir brukt av skulane og skuleeeigar for å utvikle kvaliteten i opplæringa og gjere skulane betre.

 Spørsmål om følgjande tema:

  • Trivsel
  • Motivasjon, arbeidsforhold og læring
  • Heim-skule-samarbeid
  • Støtte frå lærar
  • Vurdering for læring
  • Medverknad
  • Reglar på skolen
  • Trygt miljø
  • Rådgiving

Meir informasjon om undersøkinga finn de i snarvegane under