Hospitering 16. og 17. november
Tradisjonen tru, blir det hospitering i veke 46. I år er det sett opp 2 dagar, den 16. og 17. november.
10. trinn skal besøke ulike utdanningsprogram ved skulen vår, og vi gler oss!
Alle vil få lunsj! Vi kan tilpasse eit glutenfritt alternativ. Dei som treng anna, må ta med mat.
Plan for hospiteringa ved Sykkylven vgs:
ST – Studiespesialisering
09.00: Oppmøte i vestibylen, med fordeling til ulike utdanningsprogram
09.02: Informasjon om dagen på auditoriet, orientering om Internasjonalisering
09.55: Vere med på aktivitetar i ulike programfag, som språk, samfunnskunnskap, matematikk, realfag, friluftsliv mm.
11.30: Lunsj. Om veret tillet det, blir lunsjen på Friluftsliv-vis, altså ute med bålmat.
12.45: Vere med i ulike programfag
13.30: Avslutning i auditoriet med Kahoot og spørjeundersøking
14.00: Slutt
TI – Teknologi- og industrifag
Alle som hospiterer på TIF må vere førebudd på å bruke utstyr som vert krevd av HMS-omsyn.
09.00: Oppmøte i vestibylen, med fordeling til ulike utdanningsprogram
09.02: Informasjon om dagen, på klasserom
09.15: Vere med på aktivitetar i ulike programfag på verkstader og klasserom, som mekaniske verkstader, maskinverkstad snikkar, pulverlakkering, pneumatikk, teikning i Solid Works, 3D-printing mm. Orientering om internasjonalisering.
11.30: Lunsj. Kyllingwrap, kake og drikke.
11.55: Vere med i ulike programfag på verkstader og klasserom. Vi byter grupper
13.40: Avslutning på klasserom
14.00: Slutt
ED- Elektro– og datateknologi
09.00: Oppmøte i vestibylen, med fordeling til ulike utdanningsprogram.
09.02: Informasjon om dagen før ein kort spasertur til Høbben. Her blir det ei innføring om E-sport. Retur ca kl 11.15
11.30: Lunsj. Kyllingwrap, kake og drikke. Vi kan tilpasse eit glutenfritt alternativ. Dei som treng anna, må ta med mat.
11.55: Programfag: Vere med på aktivitetar i ulike programfag, som Elektrofag, Automatisering, Data og elektronikk.
Omvising på elektrolab, automatiseringslab og robotlab. Orientering om internasjonalisering.
13.40: Avslutning på klasserom
14.00: Slutt
HO – Helse og oppvekstfag
09.00: Oppmøte i vestibylen, med fordeling til ulike utdanningsprogram
09.02: Informasjon om dagen
09.10: Orientering om programfag på vg2 : Helsearbeidarfag og Barne- og ungdomsarbeidarfag
11.20: Lunsj på HUSET
12.30: Orientering om programfag på vg1: Helse- og oppvekstfag + internasjonalisering
13.00 Spel, quiz og aktivitetar
14.00 Slutt