Forskningsprosjektet Interact
Skulen vår er med forskningsprosjektet Interact. Dette er eit internasjonalt prosjekt finansiert av Forskningsrådet. Undervisninga vert filma, og læraren får tilbakemelding frå ein coach. Målet er å styrke kvaliteten på samspelet mellom lærar/elev.
NRK har intervjua lærarar og elevar. Du finn innslaget her, hopp til fjerde innslag.
INTERACT handlar om kvalitet i klasseromsinteraksjonar. Det skal undersøke korleis digital videobasert dialog kan støtte lærarane i arbeidet med å styrke kvaliteten på interaksjonar i klasserommet. Målet er å auke elevane sitt engasjement og læring, som igjen påverkar fråfall i skolen.
Prosjektperiode: 2021-2025
Forskningsrådet har finansiert prosjektet med 20 millionar. Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger, leier prosjektet og Møre og Romsdal og Rogaland fylkeskommune er samarbeidspartnarar. Totalt er 100 lærarar med, der 50 er i ei tiltaksgruppe og 50 i ei samanlikningsgruppe