Alle elevar heimeskule - karantene oppheva, oppdatert 2.mai
Torsdag 28.april og fredag 29.april, - alle tilbake på skulen mandag 3.mai
På grunn av at fleire klasser og lærarar er i ventekarantene, er det ei utfordring med vikarsituasjonen. Alle klassene må difor ha heimeskule torsdag 29.april. Dette kan bli utvida til også å gjelde fredag. Ny melding vert gitt torsdag kveld.
Oppdatering torsdag kveld:
Heimeskule frå fredag 30.april
Kommunelegen melder at heile skulen skal ha heimeskule i morgon, fredag 30.april. Elevar i 1ST1, 1ST2, 2ST1, 2ST2, 3STP, 1RA og lærarar som underviste desse klassene måndag, er i ventekarantene. Nokre elevar måtte ta ny test, der resultatet føreligg på laurdag. Om alle testar er negative, blir det vanleg skule frå måndag 3. mai. Ny melding blir gitt i helga.
Oppdatering 2.mai:
Alle elevar tilbake til ordinær undervisning frå og med mandag 3.mai
Kommunelegen melder at alle koronatestar av elevar og tilsette var negative. Alle som ikkje har fått anna beskjed frå smittesporingsteamet er dermed ute av karantene.