
Svar frå undersøkinga blir brukt av skulen, kommunen og staten for å følgje opp skulemiljøet og trivselen til elevane. Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga, og det er også mogleg å hoppe over spørsmål.
Elevane oppgir ikkje namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Det er difor vanskeleg å finne ut kven som har svart kva i undersøkinga. I nokre få tilfelle (til dømes ved små skular) kan det likevel vere ein risiko for at nokon kan kjenne igjen kven som har svart kva. Difor er det svært strenge reglar for vising av resultat frå undersøkinga til skulen, skuleeigaren og dei statlege utdanningsstyresmaktene. Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å kjenne att elevane sine svar.
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkinga blir lagra og brukt på riktig måte. Svara frå Elevundersøkinga blir lagra så lenge det er nødvendig, og kan bli brukte til forskning og statistikk, og kan lagrast i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.