Treng du PC til skolestart?
Du kan leige elev-PC frå fylkeskommunen gjennom PC-ordninga eller bruke eigen PC.
PC-ordninga
Elevar i Vg1 får tilbod om å leige PC frå fylkeskommunen. Du får du ein berbar PC med tre års garanti og tre års uhellsforsikring. Beløpet du betaler i leige, kan du få dekka av Statens lånekasse (utstyrsstipend). Etter tre år er PC-en din. Kva PC-modell du kan velje, kjem an på utdanningsprogrammet. Du vel modell og bestiller PC samtidig med elevregistreringa.
- PC-ordninga gjeld kun elevar i Vg1
- Svarfristen for PC-ordninga er 1. september, og det er ikkje mogleg å søke om dette etter fristen.
Eigen PC
Dersom du heller vil skaffe deg eigen PC, må du sette deg inn i systemkrav og reglar for service og forsikring.
Programvare
Elevar får gratis tilgang til programvare som er nødvendig i undervisninga, inkludert verktøya i Microsoft 365.
Elev-PC for vaksne
Vaksne som startar opplæring må ha berbar datamaskin. Om du ønsker å bruke eigen PC må du sette deg inn i systemkrav og reglar for service og forsikring. Har du ikkje eigen PC, kan du få låne ein av fylkeskommunen på visse vilkår. Ressurssentera ordner låneavtale og PC etter at du har fått tilbod om opplæring.
Gå til skolestart-sidene for å lese meir om PC-ordninga, modellar, prisar, bestilling og foreldregodkjenning
Dette må du gjere før du sluttar
Før du sluttar på skolen må du hente ut skolearbeid du vil ta vare på frå OneDrive, Teams og e-post og lagre dette ein annan plass. Når skolekontoen blir avslutta, blir alle data sletta, og det vil ikkje vere mogleg å hente ut dette seinare.
NB. Det blir ikkje tatt sikkerheitskopi av brukarkontoen til kvar enkelt elev. Viss du er uroleg for å miste skolearbeid, bør du derfor ta ein sikkerheitskopi sjølv innimellom og lagre den på eit privat område.