Lokal venteliste for skuleplass utanom ordinært inntak

Lokal venteliste er for deg som ikkje har søkt skuleplass i hovudopptaket, eller ønskjer å gjere omval.

Send e-post til sykkylven.vgs@mrfylke.no 

Oppgje namn, fødselsdato, adresse, telefonnummer og kva tilbod du ønskjer å søke på. 
Skriv kva skule og utdanning du har fullført tidlegare.

Det er veldig viktig at du takkar ja til tilbodet du får i opptaket for å ikkje ramle ut av systemet. Du kan likevel sende epost om at du ynskjer å gjere eit omval. Dersom det framleis er ledig skuleplass etter at alle prioriterte søkjarar har fått tilbod, kan det vere aktuelt å ta inn søkjarar frå lokal venteliste. Elevar som får tilbod om skuleplass, vert kontakta av skulen.