Ein privatist er ein person som tar eksamen i eit fag utan å vere elev i faget. Det betyr at du sjølv må sette deg inn i fagstoffet og melde deg opp til eksamen. Som privatist får du ikkje standpunktkarakter i faget, kun eksamenskarakter. Privatisteksamen er meint for deg som
- Manglar fag frå vidaregåande opplæring for å få vitnemål
- Ønsker å forbetre karakterar
- Skal ta fagbrev som praksiskandidat
Frist for oppmelding
- For våreksamen: frå og med 15. januar til og med 1. februar
- For hausteksamen: frå og med 1. september til og med 15. september
Slik melder du deg opp
- Ha bank-/kredittkort klar og logg inn på Privatistportalen
- lærlingar med gyldig lærekontrakt logger inn med lærebedrifta sitt org.nr.
- Finn riktig fagkode ved å søke i portalen eller på udir.no. Er du i tvil, kontakt skolen du har gått på før.
- Legg inn eksamensskole. Dersom du ikkje finn ønska skole i oversikta, tilbyr ikkje skolen dette faget, og du må velge ein annan skole.
- Bekreft oppmelding og gå til betaling.
Eksamensavgift for 2026
- 1 403 kroner per eksamen for
- fag du ikkje har standpunkt eller eksamenskarakter i
- fag du ikkje har bestått (karakter 1) som elev eller privatist
- 2 808 kroner per eksamen for
- fag du alt har bestått som elev eller privatist, men ønsker å forbetre
- Lærling med gyldig lærekontrakt, skal ikkje betale for avsluttande eksamen
-
Privatistar kan ta ein kombinert skriftleg og munnleg eksamen i desse faga:
- KOK3103 – kokkefaget
- ROF3103 – reinhaldsoperatørfaget
- TMF3103 – tømrarfaget
- YRK3103 – yrkessjåførfaget
Eksamen består av éin skriftleg og éin munnleg del og gir éin samla karakter på same måte som ein skriftleg eksamen.
Eksamen blir gjennomført slik:
- Skriftleg del: 2 timar
- Munnleg del: inntil 30 minutt (dagen etter)
Ønsker du ein slik skriftleg-munnleg eksamen, melder du deg opp i den ordinære koden (3103). Etter oppmeldingsfristen får du ein e-post med spørsmål om du vil ta eksamen som ein skriftleg-munnleg eksamen.
Du melder deg opp via InSchool Privatist.
Kombinert eksamen er ei prøveordning i regi av Utdanningsdirektoratet (udir.no)
Privatistar kan ta eksamen i norsk med kort botid dersom dei oppfyller bestemte krav. Tilbodet er for personar som har bodd kort tid i Noreg og som framleis lære norsk. For å ta denne eksamen må du
- har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk eller dansk
- kunne dokumentere kort botid i Noreg (vanlegvis mindre enn 7 år når du tek eksamen for første gong)
- ikkje har fått standpunktkarakter i ordinær norskplan
Oppmelding og dokumentasjon
Privatistar må melde seg opp i Privatistportalen. Alle som møter til eksamen må ha gyldig dokumentasjon på botid. Gyldig dokumentasjon kan vere:
- Registreringsbevis fra politiet (for EØS-borgere)
- Bostedsattest fra Skatteetaten
- Vedtak fra UDI, for eksempel oppholdstillatelse etc.
Sjukdom og fråver på eksamen
Dersom du er sjuk eller av andre årsaka ikkje kan møte på eksamensdagen, kontakt skolen så snart som mogleg. Med andre årsaker meiner vi uforutsette hendingar du ikkje rår over.
Dersom du kan dokumentere årsaka til fråveret, for eksempel med legeerklæring, har du rett til å gå opp til ny eksamen ved neste eksamensperiode. Du betaler ikkje ny eksamensavgift.
Fristen for å sende inn dokumentasjon er ei veke etter at du skulle tatt eksamen. Oppmelding skjer automatisk, dersom du har levert dokumentasjon.
Ønsker du å utsette eksamen?
Dersom du ønsker å vente med å ta eksamen av andre grunnar, må du sjølv melde deg opp og betale eksamensavgift på nytt.
Avmelding
Dersom du melder deg av innan oppmeldingsfristen, får du tilbakebetalt eksamensavgifta. Melder du deg av etter oppmeldingsfristen, får du ikkje tilbakebetalt eksamensavgifta.
Du kan ikkje melde deg av eksamen i Privatistportalen sjølv. Send ein e-post til eksamensskolen.
Eleveksamen same dato?
Dersom du har melde deg opp til privatisteksamen og den kolliderer med den obligatoriske eleveksamenen din på same dato, vil eleveksamen få prioritet. Du vil då bli meldt av frå privatisteksamenen, og du har ikkje rett til å få refundert eksamensavgifta.
Kontakt
Privatistkontoret
Send e-post