Rettleiing og pliktar

 

Vi ynskjer eit tett og godt samarbeid med føresette. Vi får ekstra glede av dette samarbeidet i samband med utveksling, men kommunikasjon heim - skule er også viktig for eleven med omsyn til resultat og gjennomføring.

Like etter skulestart, vil føresette til VG1- og VG2-elevar bli invitert til eit informasjonsmøte. Dette møtet vil i hovudsak gjelde generell informasjon.

Tidleg i skuleåret får føresette til VG1- og VG2-elevar invitasjon til ein oppstartsamtale med kontaktlærar. Temaet er mål for året og utarbeiding av individuell utdanningsplan.

Føresette til elevar under 18 år, vil og bli inviteret til ein halvårssamtale på nyåret. Desse møta gjeld enkelt-elev og deira skulekvardag, fagleg og sosialt. 

Snarvegar