Kartleggingar i løpet av skuletida

Elevane gjennomfører ulike spørjeundersøkingar og kartleggingar. Nokre kan vere initiert av t.d. elevråd eller skulemiljøutval, medan andre er ein del av skulen sin metodikk eller informasjonsgrunnlag.  

Vi er opptatt av at elevane skal få kome med sine synspunkt, og gjennomføring av Elevundersøkelsen for alle elevar er ein måte. Elevane får kome med si oppleving av trivsel og læring på skulen. Etter elevane har svara, gjennomfører kvar klasse ein prosess med å finne bevaringsområde og utviklingsområde. Resultata blir sett opp i ein tiltaksplan med frist for evaluering.

Gjennom PP-tenesta, kan elevar som opplever vanskar med å lære, få utført individuelt tilpassa kartleggingar. Føresette eller skulen vil då i samråd med eleven, melde til PPT for kartlegging/ testing. Dette kan t.d. gjelde

  • språk- og talevanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • sosiale- og emosjonelle vanskar
  • adferdsvanskar
  • syn- og hørselsvanskar
  • generelle lærevanskar eller fagvanskar
  • lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • nonverbale lærevanskar

Kartleggeren blir brukt i faga: norsk (nynorsk /bokmål), engelsk og matematikk. Alle elevane gjennomfører denne testen i starten av vg1, med ein evt. ettertest. Formålet er å avdekke eventuelle vanskar. 

Normgrunnlaget i Kartleggeren blir sett etter gjennomførte testar. I språkfaga vert eleven testa på lesedugleik, rettskriving og ordforråd. I matematikk inneheld kartlegginga dei fire rekneartane, talsystemet, kvardagsliv, brøk og prosent, geometri, statestikk og likningar. 

På vg3 skal elevane evaluere kva dei har erfart og sitt igjen med av kunnskap etter å ha gjennomført 12 økter med MOT, fordelt på tre skuleår. Evalueringa vert brukt både av MOT Norge og av skulen lokalt, for å gjere MOT-arbeidet endå bedre og mest mogleg målretta.  

Spekter er ein ikkje-anonym spørreundersøking i klassa om trivsel, arbeidsmiljø og relasjoner mellom elevane og elev - lærar. Kartlegginga vil nyttast som eit hjelpemiddel for å få svar på korleis partane opplever situasjonen og miljøet i klassa.

Før ei eventuell Spekter-kartlegging, skal føresette til elevar under 18 år varslast.

Vi er opptatt av at elevane skal få kome med sine synspunkt, og gjennomføring av Undervisningsevaluering i ulike fag er ein måte. Elevane får kome med si oppleving av læring i eit eller fleire fag. Etter elevane har svara, gjennomfører kvar klasse ein prosess med å finne bevaringsområde og utviklingsområde. Resultata blir sett opp i ein tiltaksplan med frist for evaluering.

VIP-makker vert brukt som tiltak på alle trinn ved vår skule, for å sikre eit godt læringsmiljø. I den samanheng skal elevane ta del i ei anonym kartlegging for å gi si tilbakemelding på VIP-makker. 

Resultata vert brukt både av skulen lokalt, og av Vestre Viken som leverandør av modellen.