Skulemiljøutvalet

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Utvalet skal arbeide med saker som vedkjem det fysiske og det psykososiale miljøet ved skulen. 

Elevar spelar biljard - Klikk for stort bilete

Skulemiljøutvalet (SM U)er sett saman av elevrepresentantar, skuleeigar, skuleleiing og miljøterapeut. Utvalet kan be om tiltak som vedkjem miljøet på skulen, og dei kan føreslå trivselstiltak som kjem elevane til gode. 

Rektor skal høyre på det elevane meiner,  og det elevane meiner skal få betydning.

Skulemiljøutvalet 26-27

Emte Aure, leiar
Barbro Midtgård, rektor
Sofia Ervik Tafjord, styremedlem elevråd
Haakon Støylen, elevrepresentant
Anne Konstanse Sætre Solbjør, elevrepresentant
Sondre Velle Aasebø, elevrepresentant
Mohammad Arabi, elevrepresentant

Kontakte skulemiljøutvalet

Har du saker til skulemiljøutvalet? Kontakt Emte, eller andre frå SMU, i chat på Teams.