Elevrådet

Elevrådet skal ta seg av oppgåver i samband med elevane sine arbeidstilhøve og hjelpe til med å skape gode forhold og trivsel i skulen.

Elevrådsstyret 2627 - Klikk for stort bilete

Elevrådet er elevane sitt høgaste organ på skulen. Tillitselev og varaelev blir valt for eit år av gongen, og har som oppgave å representere klassa si ved elevrådsmøta. Elevrådet drøftar og gir tilråding i saker som elevar og rektor gir dei. Elevrådet kan sjølv ta opp og legge fram for rektor saker som dei meiner er av interesse for elevane.

I elevrådet blir det òg valt eit styre. Dette styret står i spissen for elevrådet og har ansvar for å halde møte og informere elevar og leiinga om sakene deira. Dei pliktar seg òg til å stille opp på møte med leiinga nokre gongar i året. Å sitje i elevrådsstyret er litt meir arbeid, men det gir ei veldig god erfaring.

Elevrådsstyret 26-27:

Evander Ulstein Fet, leiar
Nathaniel Blindheim, nestleiar
Isabele Ozolina, sekretær
Ella Hellebostad Våtmyr, styremedlem
Amina Konjhodzic, styremedlem
Sofia Ervik Tafjord, styremedlem og 
elevrådet sin representant i Skulemiljøutvalet

Kontakte elevrådet

Har du saker til elevrådet? Kontakt styreleiar eller eit anna medlem på chat i Teams.