Avansert søk


Forseinkingar for FRAM Ekspress på to avgangar 2. pinsedag og 17. mai

For FRAM Ekspress mellom Ålesund-Molde-Kristiansund og Molde-Ålesund vil det dessverre bli noko forseinkingar på to av avgangane 2. pinsedag (måndag 16. mai) og tysdag 17. mai i år, grunna ulik rute frå ferjesambandet Molde-Vestnes (rute 33).

Les meir

Ruteendringar i Herøy og Volda/Ørsta/Hareid frå 6. juni

For betre korrespondanse vert det gjort endringar for nokre bussruter i Herøy og Volda/Ørsta/Ulsteinvik/Hareid frå 6. juni 2016.

Les meir

FTU utvalet på synfaring i Ålesund

Fylkestrafikktryggingsutvalet var den 18. mai på synfaring i bydelane Hessa og Ellingsøya i Ålesund kommune i samband med FTU -møtet denne veka.

Les meir

Justering i mai-tilbodet for ferjerute 15 Eidsdal-Linge

Fylkesvegsambandet mellom Eidsdal-Linge vil frå og med i dag fredag 13. mai få inn B-ferja. B-ferja vil likevel ikkje gå 17., 18., 19. og 23. mai, kor den ordinære rutetabellen med ei ferje blir følgt.

Les meir

Busstrafikken i Kristiansund 17. mai

På tysdag 17. mai vil busstrafikken frå og til Kristiansund trafikkterminal køyre gjennom Kranaveien, og ikkje via Kaibakken i tida det er arrangement i sentrum.

Les meir

Betra kollektivtilbod under Fru Guri av Edøy

FRAM har auka kollektivtilbodet både til/frå og på Smøla under årets Fru Guri av Edøy. -I tillegg til fleire ferje og hurtigbåtavgangar, har vi sett opp ekstra kapasitet på rute 831 frå og til Hopen, torsdag til og med søndag, seier Konrad Lillevevang, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir

Opna nasjonal sykkelrute mellom Kristiansund og Ålesund

I går var det offisiell opning av Atlanterhavsruta på Kårvåg i Averøy. Atlanterhavsruta er den første nasjonale sykkelruta i Møre og Romsdal og går mellom Kristiansund og Ålesund.

Les meir

FRAM utvidar nattbusstilbodet under Moldejazz

Det blir ekstra avgangar for nattbussen under Moldejazz. Gjennom kollektivsatsinga til FRAM blir det eit utvida tilbod til Årølia, Djupdalen, Hatlelia og Hjelset/Kleive i jazzveka.

Les meir

Alternativ køyring for bussrute 703 og 706 fredag formiddag

Grunna stenging av Solbakken i Molde i perioden kl. 09.00-12.00 fredag 15. juli vil avgangane på rute 703 Hatlelia-Hatlelia og rute 706 Sentrum-Træffhuset køyre alternativt.

Les meir

Skansegata og Korsegata stengd i Ålesund

Grunna stengde vegar i Skansegata og Korsegata i veke 28 (11.-17. juli) vil det vere nokre endringar for bussane i Ålesund.

Les meir