Realkompetanse-vurdering

Korleis søkje om opplæring / realkompetansevurdering?

Fyrst må du registrere deg på vigo.no. Sjå under for korleis du gjer dette. Det er veldig viktig at denne registreringa blir så nøyaktig og korrekt som muleg.

  1. Du søkjer om vaksenopplæring på www.vigo.no - gå vidare til vaksenopplæring/realkompetansevurdering
  2. Du må logge inn med MinID. Dette er din personlege ID til offentlege tenester på nett. Treng du hjelp med innlogginga, kontakt brukarstøtta til MinID på telefon 800 30 300
  3. Du må legge inn ei oversikt over tidlegare utdanning og praksis.
  4. I Møre og Romsdal Fylke kan du søkje heile året.
  5. Husk å sende godkjente kopiar av attester og vitnemål til: Sykkylven Vidaregåande skule, Ressursenteret, Kyrkjevegen 6, 6230 Sykkylven