Husreglar

Husreglar
Img1

Møt alltid presis til timane

All undervisning startar presis. Skuleklokka ringer 3 min før kvar time tar til. Kjem du for seint, får du ein ordensmerknad. Kjem du for seint meir enn tre gongar, blir du innkalla til samtale med kontaktlærar. Dersom du framleis har problem med å kome presis, blir du innkalla til samtale med rektor. Mange merknader kan føre til nedsett karakter i orden. [Fråver over 20 min blir rekna som 1 time.]

Img2

Ha alltid med det du skal

Dersom du manglar naudsynte bøker, skrivesaker og utstyr når timen tar til, får du ein ordensmerknad. Gjentek dette seg, kan du få nedsett karakter i orden.

Img3

Møt alltid førebudd

Skal du få eit godt utbytte av opplæringa, må du møte førebudd til alle timar. Lærarane dine vil jamleg sjekke at du har gjort lekser. Møter du ubudd til timane eller let vere å møte opp til vurderingssituasjonar, kan dette føre til manglande vurderingsgrunnlag. Dette kan føre til at du ikkje får karakter i faget.

Dersom du møter ubudd, kan du få ein ordensmerknad. Å møte ubudd mange gongar vil kunne føre til nedsett ordenskarakter.

Img4

Lever alltid i tide

Leverer du for seint, vil arbeidet ditt ikkje bli vurdert. Det kan få konsekvensar for undervegsvurdering og sluttvurdering i faget. Dersom du ikkje leverer arbeid til avtalt frist, vil du i tillegg få ein ordensmerknad. Skjer dette mange gongar, vil du kunne få nedsett ordenskarakter.

Img5

Ha fokus på faget, hald ro og orden i timane

I eit godt læringsmiljø er du med å skape ro, orden og disiplin. Det gjer du ved å følgje undervisningsopplegget og meldingar frå læraren. Det er ikkje høve til å ete i timane (vassflaske OK). Toalettbesøk skal leggast til friminutta. Mobiltelefonen skal ikkje brukast, Ipod/mp3 berre etter avtale med læraren. Bråk og uro kan føre til ein åtferdsmerknad. Dersom du nyttar PC’en til andre formål enn læraren har gitt instruksjonar om, som til dømes Facebook, msn  eller dataspel, vil du få ordensmerknad og kan få nedsett ordenskarakter.